Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHanssen, Gro Sandkjær
dc.contributor.authorStusdal, Vigleik
dc.coverage.spatialØstlandet, Norgeen_US
dc.date.accessioned2020-08-19T08:03:42Z
dc.date.available2020-08-19T08:03:42Z
dc.date.issued2020-05
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2672917
dc.descriptionDenne masteroppgåva er ei undersøking av korleis jernbanesektoren fungerer som aktør i knutepunktutvikling i samspel med kommunane. Bakgrunnen for temaet er at det har vore store konfliktar mellom Jernbaneverket/Bane NOR og kommunane i ei rekke byar i InterCityområdet på Austlandet. Oppgåva er gjennomført ved å sjå nærare på ulike sider ved knutepunktutvikling frå eit teoretisk perspektiv, ved å analysera styringsdokument i jernbanesektoren og ved ein caseanalyse av planprosessen for ny stasjonsplassering på Hamar. I oppgåva er knutepunktutvikling definert som fotgjengarvennleg byutvikling med utgangspunkt i knutepunkt for kollektivtransport. Den teoretiske delen av oppgåva viser at vellukka knutepunktutvikling krev at prosjekta både sikrar effektive transportløysingar og at knutepunkta utviklast til attraktive stader. Dette krev eit tett samarbeid mellom transportstyresmaktene og bystyresmaktene, samstundes som interessene dei representerer kan dra i ulike retningar. Konseptet «utvekslingssoner» viser korleis aktørane gjennom forhandlingar og kompromiss kan sikra framdrift i slike vanskelege planprosessar, utan å mista den demokratiske deltakinga av syne. New Public Management (NPM) har dei seinare åra medverka til å endra aktørbiletet i planlegginga, særleg med jernbanereforma. NPM medfører at kostnadseffektivitet blir prioritert framfor breiare samfunnsmål, og gjer at utfordringane med samordning og samarbeid kan forsterkast. Studien viser at det gjev meirverdi å undersøka dagens utfordringar med knutepunktutvikling med ei slik tverrfagleg tilnærming. Den empiriske delen av oppgåva viser at jernbanesektoren er styrt på ein måte som gjer at han ikkje fungerer optimalt når han skal samspela med kommunane om knutepunktutvikling. Dette skuldast at det verken i styringsdokumenta eller i praksis er teke på alvor at vellukka knutepunktutvikling er avhengig av at ein klarer å balansera transport- og stadfunksjonane, og at kommunen har ei viktig lokalpolitisk og samordnande rolle i planlegginga. Caseanalysen viser at dette kan medføra at planprosessen stoppar opp. I ein slik situasjon kan konflikt ha ei positiv rolle ved at det politiserer viktige planspørsmål og medverkar til å pressa fram betre løysingar, slik det har skjedd på Hamar. Utfordringa framover er å finna ut korleis konfliktar kan løysast tidlegare i planprosessen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherOslo School of Architecture and Designen_US
dc.subjectUrbanismeen_US
dc.subjectUrbanismen_US
dc.subjectKollektivtransporten_US
dc.subjectJernbaneen_US
dc.subjectKnutepunkten_US
dc.subjectRegionutviklingen_US
dc.titleKnutepunktutvikling i spenningsfeltet mellom statleg styring og lokale planprosessar : Ein studie av jernbanesektoren som aktør i knutepunktutviklingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionsubmittedVersionen_US
dc.rights.holderV. Stusdal
dc.subject.nsiArchitecture and design: 140en_US
cristin.fulltext


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel