Show simple item record

dc.contributor.authorBrænne, Karen
dc.date.accessioned2016-09-13T12:30:43Z
dc.date.available2016-09-13T12:30:43Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.isbn978-82-547-0227-7
dc.identifier.issn1502-217x
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2406784
dc.description.abstractMed ein case frå norsk allmennlærarutdanning som kjeldegrunnlag, gjev denne avhandlinga innsikt i korleis lærarar og studentar verdset ulike sider ved den skapande verksemda, og korleis desse verdsetjingane vert konstruerte som fylgje av sosiale og historiske føresetnader. Det empiriske materialet framkjem frå intervju med studentar og faglærarar, studie av lokal fagplan i Kunst og handverk, oppgåvetekstar, produkt til ein eksamen og feltobservasjonar gjort ved ulike verkstadar ved ein lærarutdannings-institusjon. Avhandlinga syner korleis ulike kvalitetshorisontar og trusoppfatningar pregar faglærarar og studentar sine vurderingar av formgjevingsobjekt og formgjevingsprosessar. Aktørane opererer gjerne ut frå konsensus, samtidig som ulike underliggjande verdioppfatningar i liten grad vert problematiserte eller eksplisitt kommuniserte. Fleire former for ambivalensar vert synlege i empirien, der tilhøvet mellom intensjonar og praktisering – tilhøve mellom ord og handling, vert eit kjernepunkt. Originalitets- og autensitetsimperativet pregar intensjonane, medan praktiseringa speglar felles konvensjonar. Studentarbeida viser tydelege referansar til konkretiseringar frå lærarhald, og har også internt slektskap. Eit anna hovudmoment ved drøftinga vert omtalt som Individualisme-tendensen. Gjennom ein historisk inngang belyser teksten korleis fleire røyster held på eit individ-frigjeringsprosjekt. Dette har røter attende til byrjinga av 1900-talet, og det var då stor opposisjon mot det kollektive og lite humane disiplineringsidealet. Spørsmålet vert kor lenge ein slik opposisjon skal vare, og om andre opprør vert naudsynte ettersom den opphavlege opposisjonen vert til nye, ideologiske prosjekt og vedtekne sanningar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherArkitektur- og designhøgskolen i Oslonb_NO
dc.relation.ispartofseriesCON-TEXT / Thesis;41
dc.titleMellom ord og handling: om verdsetjing i kunst og handverksfagetnb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.typePeer reviewednb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record