Knutepunktutvikling i spenningsfeltet mellom statleg styring og lokale planprosessar : Ein studie av jernbanesektoren som aktør i knutepunktutvikling
Master thesis
Submitted version
Date
2020-05Metadata
Show full item recordCollections
- Urbanisme / Urbanism [26]
Description
Denne masteroppgåva er ei undersøking av korleis jernbanesektoren fungerer som aktør i knutepunktutvikling i samspel med kommunane. Bakgrunnen for temaet er at det har vore store konfliktar mellom Jernbaneverket/Bane NOR og kommunane i ei rekke byar i InterCityområdet på Austlandet. Oppgåva er gjennomført ved å sjå nærare på ulike sider ved
knutepunktutvikling frå eit teoretisk perspektiv, ved å analysera styringsdokument i jernbanesektoren og ved ein caseanalyse av planprosessen for ny stasjonsplassering på Hamar. I oppgåva er knutepunktutvikling definert som fotgjengarvennleg byutvikling med utgangspunkt i knutepunkt for kollektivtransport.
Den teoretiske delen av oppgåva viser at vellukka knutepunktutvikling krev at prosjekta både sikrar effektive transportløysingar og at knutepunkta utviklast til attraktive stader. Dette krev eit tett samarbeid mellom transportstyresmaktene og bystyresmaktene, samstundes som interessene dei representerer kan dra i ulike retningar. Konseptet «utvekslingssoner» viser korleis aktørane gjennom forhandlingar og kompromiss kan sikra framdrift i slike vanskelege planprosessar, utan å mista den demokratiske deltakinga av syne. New Public Management (NPM) har dei seinare åra medverka til å endra aktørbiletet i planlegginga, særleg med jernbanereforma. NPM medfører at kostnadseffektivitet blir prioritert framfor breiare samfunnsmål, og gjer at utfordringane med samordning og samarbeid kan forsterkast. Studien viser at det gjev meirverdi å undersøka dagens utfordringar med knutepunktutvikling med ei slik tverrfagleg tilnærming.
Den empiriske delen av oppgåva viser at jernbanesektoren er styrt på ein måte som gjer at han ikkje fungerer optimalt når han skal samspela med kommunane om knutepunktutvikling. Dette skuldast at det verken i styringsdokumenta eller i praksis er teke på alvor at vellukka knutepunktutvikling er avhengig av at ein klarer å balansera transport- og stadfunksjonane, og at kommunen har ei viktig lokalpolitisk og samordnande rolle i planlegginga.
Caseanalysen viser at dette kan medføra at planprosessen stoppar opp. I ein slik situasjon kan konflikt ha ei positiv rolle ved at det politiserer viktige planspørsmål og medverkar til å pressa fram betre løysingar, slik det har skjedd på Hamar. Utfordringa framover er å finna ut korleis konfliktar kan løysast tidlegare i planprosessen.